Meld deg opp med rett fagkode
Alle fag/eksamenar har ein eigen fagkode. Du er sjølv ansvarleg for at du melder deg opp i rett fag i Privatistportalen. Du kan søkje opp fag ved å bruke enten fagnamn eller fagkode.
Søk på fag eller fagkode i Privatistportale (Visma)
Finn rett fagkode
Du finn informasjon om fag og fagkodar på Udir.no.
Dersom du er i tvil om kva fagkode du skal bruke, ta kontakt med skolen du har vore elev ved tidlegare. Har du ikkje vore elev i Møre og Romsdal tidlegare, tek du kontakt med skolen du skal ha eksamen på. Sjå kontaktinformasjon til skoler som held eksamen
- Ver obs på at du melder deg opp med fagkoden som høyrer til rett læreplan.
Fag som krev fleire eksamenar
I nokre fag må du ta både ein skriftleg og ein munnleg eller munnleg-praktisk eksamen for å få godkjent faget.
Merk at skriftleg og munnleg eller munnleg-praktisk eksamen i same fag har ulike fagkodar, og du må betale for kvar eksamen. I fag som krev fleire eksamenar, treng du ikkje ta skriftleg og munnleg eller munnleg-praktisk eksamen i same eksamensperiode.
Norsk
Norsk for studiekompetanse krev tre eksamenar om du ikkje har karakterar i faget frå før: norsk hovudmål, norsk sidemål og norsk munnleg. Norsk for yrkesfag krev både skriftleg og munnleg eksamen. Norsk for språklege minoritetar krev både skriftleg og munnleg eksamen.
Engelsk
Engelsk fellesfag krev både skriftleg og munnleg eksamen. Engelsk programfag krev både skriftleg og munnleg eksamen om du ikkje har karakterar i faget frå før.
Framandspråk
Framandspråk fellesfag krev både skriftleg og munnleg eksamen. Framandspråk programfag krev både skriftleg og munnleg eksamen om du ikkje har karakterar i faget frå før.
Realfag
Realfag på nivå 2 krev både skriftleg og munnleg-praktisk eksamen.
Programfag på yrkesfag
Om du tek programfag frå yrkesfag som privatist, må du ta ein skriftleg eksamen i kvart einskild programfag, i tillegg til ein praktisk tverrfagleg eksamen. Dette gjeld både på Vg1 og Vg2-nivå.
Merk: Om du tidlegare har vore elev på yrkesfag, treng du berre å ta eksamen i dei faga du manglar.
Eksamen i framandspråk utan opplæring
I Møre og Romsdal kan du melde deg opp som privatist i alle framandspråk utan å ha fått opplæring i faget. Oppmelding gjer du i privatistportalen.
For framandspråk der vi ikkje har eigne munnlege sensorar, blir den munnlege eksamenen gjennomført digitalt.
Eksamen blir halden ved ein av desse skolane:
- Ålesund vidaregåande skole
- Molde vidaregåande skole
- Atlanten vidaregåande skole
For å få faget godkjent, må du melde deg opp til både skriftleg og munnleg eksamen.