Informasjon til elevar og føresette om undervisningsevalueringa 2022-23
Det er politisk vedteke at vidaregåande skolar i Møre og Romsdal skal gjennomføre ei undervisningsevaluering kvart skoleår.
Målet med evalueringa er at ho skal vere eit verktøy for kvalitetsutvikling i den vidaregåande sopplæringa i fylket.
Resultatet vil brukast i utviklingsabeid mellom lærar og avdelingleiar.
Rambøll Management Consulting hjelper fylkeskommunen i design, gjennomføring og rapportering av evalueringa.
Evalueringa gjennomførast som ei elektronisk spørjeundersøking som elevane skal gjennomføre i skoletida. Det er frivillig for elevane og svare på undersøkinga, men vi oppfordrer alle elevar til å delta. Svara behandlast konfidensielt, og ingen vil kunne identifisiere enkeltsvar. Det vil berre bli utarbeidd rapportar for gruppar med fem eller fleire svar.
Elevane skal evaluere undervisninga til lærarar. Den enkelte elev skal svare på evalueringa ein eller fleire gongar. Talet er avhenging av kor mange av eleven sine undervisningsgruppar som blir valde ut til å evaluere. Det er også mogeleg at ein elev ikkje skal evaluere nokre lærarar. Det er skoleadministrator som har bestemt kva gruppar som skal evaluere.
Spørsmåla er like for alle fag/undervisningsgrupper. Spøjeskjemaet er utvikle i samarbeid mellom Rambøll og Møre og Romsdal fylkeskommune. Skjemaene inneheld spørsmål fordelt på fem tema:
- Eleven si meistring og motiviasjon
- Læringsmiljøet i gruppa
- Vurderingspraksis
- Støtte frå lærar
- Faglege utfordringaer og forventningar
Har de spørsmål til undersøkinga, kontakt Møre og Romsdal fylkeskommune ved rådgivar Monica Solheim (monica.solheim@mrfylke.no), eller Ann-Christin Hoel Lervik (ann-christin.hoel.lervik@mrfylke.no)