Lærarstreiken er over, slik blir oppstarten på skolane

Dei tre vidaregåande skolane som har vore råka av lærarstreiken –  Molde, Romsdal og Hustadvika – startar opp undervisninga i løpet av i dag, onsdag.

Skriv ut

Fellesmeldinga til alle elevar og lærarar ved dei tre vidaregåande skolane er slik: Det ble i løpet av tysdag kveld sendt ut melding til alle elevar og lærarar om korleis første dag etter streiken blir. Og: Den oppsette streiketimeplana gjelder fram til lunsj på onsdag.

Kompetansesjef Kariann D. Flovikholm i Møre og Romsdal fylkeskommune seier at skolane har som mål å starte ordinær undervisning så snart som dette er mogleg. Men ho ber om forståing for at onsdagen ikkje blir heilt som normal:

- Varselet om tvungen lønnsnemnd, og at streiken var over, kom like etter klokka 19 på tysdag. Det er kort tid å områ seg på, både for lærarar og elevar. Men vi skal gjere det beste ut av det. Etter lunsj onsdag prøver vi å ha ein så normal skoledag som mogleg, seier kompetansesjefen.

152 lærarar ved dei tre vidaregåande skolane Molde, Romsdal og Hustadvika har i haust vore tatt ut i streik. Dette har ramma undervisninga ved skolane.