Sa ja til forprosjektet for nytt undervisningsbygg

Eit nytt undervisningsbygg for marine fag ved Hustadvika vidaregåande skole er eitt steg nærmare ei realisering.

Skriv ut

Måndag vedtok utbyggingsutval for bygg og vegsaker forprosjektet, som har ei brutto kostnadsramme på 58 millionar kroner inkludert prisstigning og mva. Vedtaket betyr at prosjektet kan gå over i ein ny fase; detaljprosjektering og bygging.

Totalt er det i nybygget planlagt teorirom, produksjonshallar og garderobar for til saman 42 elevar. Det er prosjektert med fire lærararbeidsplassar. Nybygget er på 838 m2, som inkluderer eit ikkje innreia areal over fiskehall-mottak/-slakteri på 39 m2.

Bygget skal innehalde praksislokale for undervisning for følgande område på utdanningsprogrammet naturbruk:

  • VG1 Naturbruk
  • VG2 Fiske og fangst
  • VG2 Akvakultur

Det er planlagt byggestart i mars 2022 og ferdigstilling i mars 2023.