Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer alle til å foreslå namn på det nye fartøyet som skal brukast i naturbruksopplæringa ved Hustadvika vidaregåande skole. Båten blir tatt i bruk frå skolestart hausten 2026.
Publikum kan fram til fredag 20. mars sende inn sine forslag.
Her kan du sende inn forslag på namn.
- Namneforslaga bør ha lokal forankring
- Gjerne vere unikt
- Vere lett å uttale
Etter påske skal ein namnekomité gå gjennom alle forslaga og velje inntil sju namn som blir med i finalerunden.
I finalen skal elevar og tilsette ved Hustadvika vgs. stemme fram namnet dei meiner båten skal ha.
Tre skolar får nye båtar
Møre og Romsdal fylkeskommune har inngått kontrakt med Selfa Arctic AS i Harstad om å bygge tre nye undervisningsfartøy som skal brukast i naturbruksopplæringa ved Hustadvika vgs., Herøy vgs. og Ålesund vgs. Fartøya, som har ei total kostnadsramme på 109 millionar kroner, skal gi elevane meir praktisk og moderne opplæring i blått naturbruk.
Selfa FLEX 1499-modellen er spesielt utvikla for undervisning, med effektiv plassutnytting, god miljøprofil og oppdatert teknisk utstyr som gjer det mogleg å trene på alt frå garn- og linefiske til vedlikehald og sikkerheitsarbeid.
Fartøya blir leverte i perioden august 2026 til mars 2027, og skal bidra til at elevar når kompetansemåla i læreplanen og får relevant praksis.
Les meir om dei nye båtane på mrfylke.no.
Namnekonkurranse for alle tre fartøy
Det blir tilsvarande namnekonkurranse ved dei to andre vidaregåande skolane som skal få nye fartøy.
Namnekomitéen for båten til Hustadvika består av Geir Stenseth, leiar i kompetanse- og næringsutvalet, elevrepresentant Leni Blank, assisterande rektor Kristoffer Meringdal og Leo Oterhals som ekstern representant frå kultur- og næringslivet i Hustadvika. Komiteen blir leia av Per‑Kristian Bratteng, assisterande kommunikasjonssjef i fylkeskommunen.